Viser innlegg med etiketten Tekst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tekst. Vis alle innlegg

søndag 28. november 2010

Hypertekst

"Tekst heng saman med anna tekst - gjerne på ei anna nettside enn der vi starta turen. Nettverket av sider kan gi oss utfyllande informasjon, alternativ informasjon, illustrasjonar,.."(Sæterås, K.B. 2010:12) 

Sjølv om ein kanskje først og fremst tenker på norsk når det gjeld hypertekstforteljing, så høver den kanskje vel så godt til oss som vil ha meir konkrete oppgåver å arbeide med. Men at ein også her kan kome heilt ut på viddene eller sagt på ein annan måte kunnskapssirkelen synes uendeleg i ei Hypertekstoppgåve,

Før eg tek deg med på ei lita Hyperreise vil eg gi deg eit råd. Dersom du høgreklikkar på lenka/peikaren får du valet å opne i nytt vindu. Det kan vere ein fordel å vite kvar ein starta.

Eg vil ta utgangspunkt i turbeskrivinga mi som eg hadde i ein tidlegare blogg. Frå Garnestua har ein ei fantastisk utsikt. Ja ein kan faktisk sjå heile 10 av vatna på Hareidlandet. Det som er kanskje mest pussig er at det vatnet som ligg nærast ikkje er råd å sjå frå sjølve tua, nemleg Mørkevatnet. Fjellsvatnet ligg nord for Garnestua. Elva frå vatnet renn vidare ned i Løsetvatnet. Hammarstøylsvatnet ligg endå meir mot nord i retning Hareid. Snipsøyrvatnet er det største på øya og i det fjerne ser vi Grimstadvatnet med Hareid i bakgrunnen. Litt meir mot aust ser vi Hjørundalsvatnet  inn mot Storfjorden. Kjellstjørna ligg rett nord nesten ut på Flø og det er nok ein fordel med telelinse for å få auge på den. Då er det lettare å sjå Garnesvatnet rett ned mot vest. I retning Ørsta ligg Hundelaupsvatnet på andre sida av Rinstaddalen. Det siste vatnet, Aursnesvatnet, måtte eg faktisk klatre opp på sjølve Varden for å få teke bilete av.

Potensiale i denne læringa ser eg i at borna får høve til ei skaping som i mykje større grad kan eksponerast, visat fram. Det er sjølvsagt mykje meir motiverande og inspirerande enn å henge det på veggen i klasserommet. Med stadig aukande lagringskapasitet i veven vil det ikkje vere noko utfordring å bygge opp ein digital portefylgje for dei ulike elevane. Noko som vil både vere inspirerande, kjekt for ettertida og også lette vurderingsarbeidet for oss lærarar.

Det er alltid ein kvan som har vore ute ei vinternatt før!! Heldigvis såg ikkje så mykje på det før eg la i veg. Når eg såg denne flotte sida http://westcoastpeaks.com/index.html var det for seint å snu. Kanskje kan eg supplere denne sida på min måte i framtida.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:
Sæterås, K.B. (2010) Tekstskaping med IKT – DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
http://www.sunnmorskart.no/
http://westcoastpeaks.com/index.html 

tirsdag 23. november 2010

Plagiatkontroll skal vi bruke tid på det?

Som konklusjon kopierer jeg fra Jan-Arve Overlands "Internett og fusk": Å kjøpe tjenester for plagiatkontroll er å legitimere en slapp pedagogisk praksis. (JonblOGG: Legitimerer...) står det i kjeldehenvisinga til Kristin. 


Og eg spør kva skal vi bruke tida på? 


Det siste kreative eg høyrde frå ein kollega var at elevar hadde levert inn ein stil og fyllt ut alle operom med kvite bokstavar. Ja, tenkte eg då får eg prøve det og. 


På ungdomsskulen jobbar eg med It`learning og den har plagiatkontroll. Den har eg tidlegare prøvd og den var i alle høve enkel å "lure". Eg sette meg ned og skreiv rett om frå bokmål til nynorsk. Så no har eg skaffa meg ein demoversjon av Ephorus, så får vi sjå korleis den gjer jobben. Tenkte eg skulle køyre det same i It`s learning, men der er diverre plagiatkontrollen nede for telling, så vi får sjå når den oppe igjen. Med Ephorus er eg lova svar innan 24 timar.


Her er utfordringa, klippt rett ut frå Wikipedia:



KøbenhavnÆ

VårenÆ1863ÆankomÆGriegÆKøbenhavnÆsomÆpåÆdenÆtidenÆhaddeÆetÆstortÆkunstnermiljø.[12]HanÆhaddeÆogsåÆkontakterÆherÆ–ÆhansÆgamleÆvennÆEmilÆHornemanÆogÆslektningerÆiÆfamilienÆHagerupÆboddeÆiÆKøbenhavn.ÆSansenÆforÆfolkemusikkenÆvarÆvekketÆiÆdeÆnordiskeÆlandeneÆpåÆdenneÆtiden,ÆiÆDanmarkÆvarÆNielsÆW.ÆGadeÆogÆJ.P.E.ÆHartmannÆsentrale.ÆGadeÆoppfordretÆGriegÆtilÆåÆskriveÆenÆsymfoni,ÆogÆhanÆlotÆsegÆikkeÆbeÆtoÆganger.

Slik ser den ut med kvit Æ:

KøbenhavnÆ

VårenÆ1863ÆankomÆGriegÆKøbenhavnÆsomÆÆdenÆtidenÆhaddeÆetÆ stortÆkunstnermiljø. HanÆhaddeÆogsåÆkontakterÆherÆ–hansÆgamleÆvennÆEmilÆHornemanÆogÆslektningerÆiÆfamilienÆHagerupÆ boddeÆiÆKøbenhavn.ÆSansenÆforÆfolkemusikkenÆvarÆvekketÆiÆdeÆ nordiskeÆlandeneÆÆdenneÆtiden,ÆiÆDanmarkÆvarÆNielsÆW.ÆgadeÆ ogÆJ.P.E.ÆHartmannÆsentrale.ÆGadeÆoppfordretÆGriegÆtilÆåÆskriveÆenÆsymfoni,ÆogÆhanÆlotÆsegÆikkeÆbeÆtoÆganger.

Eg har og skreve eit litt lengre oppsett der eg  stort sett har skrive rett av, men omset til nynorsk. Dvs utgangspunktet for første del brukte eg eit engelsk dookument av Grieg som var omsett av Google translater, så litt vansklegare blir det nok. Men siste del var det same som ovanfor frå den norske sida.

Så då får vi sjå i morgon om:"Selgeren holder seg nok til saken, men leverandøren bak løsningensparer ikke på superlativene: "... you will prevent plagiarism without any additional effort. /../ With Ephorus, teaching will be fun again!" (JonblOGG:Legitimerer...

Følg med , følg med!!
(Ser eg blir litt uheldig med kvit Æ i publiseringa, men det får stå til! Her(forhåndsvisinga) og i Word ser det heil topp ut.)

Søndag 28.11.10 kl 17.50 Eg ventar framleis på Ephorus, litt skuffa.
EmneRE: Ephorus: svar på demoforespørselen
AvsenderEphorus Support Add contact
MottakerStig Grimstad Add contact
DatoFre 14:35

Dear Stig Grimstad,

Thanks for the question.

We have received your document and we are still processing it. The processing time is a bit longer then expected. We will deliver the report as soon as possible.

Sorry for any inconvenience.
-------------------------------------------------------------------------
Kjelder:

Sæterås, K.B. (2010) Tekstskaping med IKT – DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS 


http://no.wikipedia.org/wiki/Edvard_Grieg Lasta ned 23.11.2010.