lørdag 16. april 2011

Kjellaugs, ei gratis Google nettside

Etter å ha prøvd meg på Facebook er turen komen til Google nettside. Det eg var ute etter var å etablere ein uformell treffstad for søskenbarna mine. På Facebook etablerte eg ei privat gruppe, onkel Sigurd 70 år. Til mi store overrasking var den ikkje så privat, for plutseleg kom det inn førespurnader frå ukjende folk.
Farmor heitte Kjellaug, derav namnet. Etter å ha sett første videoen til Leksjonen la eg i veg. Og opp kom forslaga, eg klikka på Family og eksprimenterte i veg. Som dokke ser av bilda så greidde eg både å endre namn og sette inn bilete, men der stoppa det opp.



Etter å ha snakka med medstudentar fekk eg råd om å starte med ei tom side, altså ikkje ein mal. Etter å ha arbeidd nokre timar har eg begynt å få tak på sida.



Og etter å ha prøva og feila nokre timar gir dei fire videoane til Radford University ein heilt anna dimensjon. (Antwort. K Digital arena 2, 2011:12).



Så får eg sjå om søskenbarna mine er villege til å bidra slik vi får eit forum for informasjonsutveksling.


Enkelte av søskenbarna mine synes vi stundom blir oss sjølve nok. På denne måten kan vi i alle høve halde det innafor familien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar