lørdag 16. april 2011

Sesamgenerasjonen

1, 2, 3, 4, 5 og …. Kven hugsar ikkje att dette omkvedet. Elise Seip Tønnesen forskar i boka Generasjon.com på borns mediebruk frå 1993 til 2005 gir oss verdifull innsikt i kor viktig denne dimensjonen er for borna våre.

Tiden tann.

Når Tønnesen seier at:” Mediebruk inngår i mange ulike sosiale samanhengar, både i fritiden til familien og blant venner og i skolearbeidet .” (Tønnesen 2007:14) så er ikkje det noko vanskeleg å kjenne seg att i for den som har born fødde i -91 og -93.

Kor gjennomgripande dette er gir Tønnesen oss ei utdjuping i dene boka. Ho har med eit døme frå USA der Ridout viser til at born der maktar å presse inn 8,5 timar pr. dag.(Tønnesen 2007:16) No blir vi rett nok trøsta med at “..har ikkje den totale tiden til mediebruk økt, …” (ibid) , no når PC-en for alvor har teke over ungdomsromma.

Med all denne tidsbruken utviklar det seg kompetanse som er viktig å inneha og ikkje minst viktig å kunne samtale om. Vi veit frå media at den digitale arenaen har og vokse seg til ein betydeleg mobbearena.
Berre 1,3% av borna sa dei aldri brukte datamaskin heime. (Tønnesen 2007:32) Her har skulen ei viktig oppgåve i å skulere å gi born opplæring. Fleire og fleire er bekymra for denne utviklinga der born fell utanfor p.g.a. manglande digital kompetanse i heimen. Tønnesen peikar på det sosiale presset med at alle dei andre har og kor viktig det er å vere i “gjengen”. “Og for de som ennå ikkje har fått den, kan det bety en katastrofal utestenging frå ungdomsfellesskapet når de fleste andre har mobiltelefon.” (Tønnesen 2007:33)

Samfunnet har den siste tida hatt stort fokus på mobbing. Oss som arbeider i skulen har hatt det i årevis. Eg skal ikkje unnskylde at det har funnest i skulen, men der eg har vore har fokuset på å stoppe mobbing alltid vore stor. Ei større og større utfordring er all den “mobbing” som skjer på TV i beste sendetid, den står vi i skulen ofte hjelpelause overfor, fordi noko av det ofte blir definert som humor.  Då kan det kanskje vere særs viktig å lese det Tønnesen sier : “ Det kan se ut til at de bruker fjernsynsprogrammene som indentitetsmarkører, med både negativt og positivt forteign.”(Tønnesen 2007:47)

Eg vil avslutningsvis peike på kva Tønnesen seier om ei av skulen sine roller. “Nettopp ved å være en alternativ kompetansearena i dialog med de unges fritidslæring kan skolen få mulighet til å sette et kritisk lys på underholdningsindustrien.” (Tønnesen 2007:165)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar