Viser innlegg med etiketten Lyd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lyd. Vis alle innlegg

mandag 29. november 2010

Headset

I mappeoppgåva mi om lyd reflekterte eg om kva kvaliteten på headset hadde å bety for opptak med Audacity. No har eg gjennomført eit lite ekseriment. Eg spelte inn to filer med same tekst som eg las inn. Så klippte eg saman ei ny fil med blanding av dei to filene. Store skilnaden på dei setta har eg vanskar med å høyre. No har eg rett nok berre høyrt det her på PC-en. Kanskje er det lettare å skilje på eit betre medium.













Her ser du bilde av dei tre filene. Som du ser har eg fem delar. Først Labtec(0-7), så trust(7-15),Lab (15-22), Tr (22-26), Labtec (26-32)
                                                                                                                                                                                
Her kan du høyre på den samanklipte lydfila:



                                      Her kan du høyre Thrust settet:


                                                                           Her kan du høyre Labtec settet:





Øving gjer meister. Ikkje det at kvaliteten er perfekt, men det går raskare å produsere. Har ein del praktiske vanskar. Spesielt det å gå frå nettalbum til Offentleg album, slik at eg berre kunne legge ut ein link, men no blir det vel kanskje og liggande i mitt Offentlege arkiv.


-----------------------------------------------------------------------------------

Kjelder/verktøy:

Picasa 3,  Lasta ned 14.10.2010 kl 11:45
Audacitty 1.3 Beta (Unicode),  Lasta ned 03.11.2010 kl. 22:36
Paint.NET Lasta ned. 14.08.2009 kl 12:56

søndag 28. november 2010

Audacity lydredigering

Eg hadde som ambisjon å legge lydfil til veivisaren min til Garnestua. Vi får sjå kva vi rekker. Audcity er i alle høve eit flott verktøy. Eg har tidlegare laga ei øvingsfil til ein kompis i høve eit 50 årslag, vi skulle synge fleirstemt. No kjem reprisa, eg vil lage ei øvingsfil for tenorar og bassar til ein av songane vi skal ha til jul.

Først sang eg inn bass-stemma ved hjelp av klikk og litt pianostøtte. Så la eg på tenorstemma, måtte øve ein del. Første bass-stemma var for sterk så eg avslutta med ei bass-stemme til.
Slik ser det ut:                                                                                                 


Slik blei lyden eller dvs. dette var utgangspunktet, eg har betre spor. Og det tok så mykje tide at no blir det God natt! Så får eg sjå om eg får laga eit par videoa til om ikkje eg får gode tips til berre å legge ut lydfilene i MP3.



Når eg skulle arbeide vidare tok eg for meg dei to siste stemmene, då blei bilde slik:


Her ser dokke at når vi utvidar stemmene, altså gjer stripa breiare, då når ein tak i volumkontrollen for kvar stemme. Då prøvar ein seg fram til ein får eit lydbilde ein er nøgd med. Det var ikkje mykje eg drog opp tenorstemma.

Her er mest tenor:


                                                Her er ein nokolunde balansert versjon:

                                                 


Audacity er eit gratisprogramm som ein finn på nettet. http://audacity.sourceforge.net/

I tillegg er det ei svensk nettside som gir god instruksjon. http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/

Så er det arbeid og tid som står igjen, og den går fort. Eg har no pjaska ein del med musikk, men det å bruke dei ulike instillingane synest eg ikkje var enkelt. Heldigvis veit ein at øving gjer meister.

No kan eg sende lyfilene til leiaren i koret og så blir det sendt vidare, så får eg håpe eg får døma inn på sida på denne sida av midnatt. (Ei på plass!)

Apropo, he dokke sett på klokkeslettet då bloggen vart publisert. Kun ein gong har eg vore oppe midt på natta, men det var no under forelesingane i Volda??

Gler meg til å kome tilbake i skulen for å bruke dette verktøyet i musikkundervisinga.

------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:
Antwort, K. (2010) Lyd 1 - DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/

Verktøy:

Picasa 3,  Lasta ned 14.10.2010 kl 11:45
Audacitty 1.3 Beta (Unicode),  Lasta ned 03.11.2010 kl. 22:36
Paint.NET Lasta ned. 14.08.2009 kl 12:56