lørdag 16. april 2011

Min første "teiknefilm"

Dette har eg drøymd om og budd meg for i årevis. Det er 12 år sidan eg var med på å lage musikk til ein slik produksjon og 8 år sidan eg kjøpte digital kamera og digital videokamera for å kunne lage liknande produksjonar. Ja, eg har jamvel vore påmeld på to kurs i emne utan at kursa har kome i gong.
Men no ligg produksjonen bak meg!!

På siste samling i DKL fekk vi høve. I etterkant fekk vi inntrykk av og kanskje ikkje ha prioritert rett i høve til oppgåveteksten, men der er eg heilt ueinig. Det viktigaste for meg var å få vere med og lage ein film for å lære prosessen. Prøving og feiling. Heldigvis vart det ikkje så mykje feiling sidan Benedicte viste kva vi styrte med.



Åse teikna storyboard, og Benedicte sette ned punkta med måloppnåing, refleksjona m.v. ....


Manuskript

Reklame for iste av Tine.

Ein figur skur iste kartongen framover (inn mot kamera).
Han er sliten. Så drikk han av kartongen via eit sugerør.
Han får så energi og er klar til studering.
Iste - gir energi til trøtte DKL studenter!



Vi hamna raskt på reklame og Eirik og Bendicte var raskt ute med ein rollefigur i modelleire, trur nok at plastalin er meir egna. Ut i produksjonen måtte vi forsterke rollefiguren med piperensarar i ryggen. Eg laga stigen.

Vi tok 3 bilde i kvar situasjon, og fortløpande. Detaljane i historia vart til medan vi arbeidde. Etter fotosekvensen var over var det litt plundring før vi fekk på plass filmen. Vi starta i Movie maker, men gjekk over til Live Moviemaker fordi der var det enklare å ta inn alle bilda på ein gong. Når bilda var på plass var redigeringsjobben enkel, berre nokre få bilde var forureina av litt hender, piperansarar o.l.

Korleis får vi lyd inn på dette? Kva musikk skal vi bruke? Eg skrein ned ein kjend korvamp, ungdomane var skeptisk til både harmoni og "grouv". Eg pressa på og det let som ei kule, neste prosjekt blir DKL kvartetten. Vi kom til at vi ikkje ville rekke Audcity osv. Vi lagra filmen i Live og opna den oppatt i Moviemaker, etter to tre forsøk vart lydsporet som det vart. Filmen er ikkje egna til å køyre utan bildespor, altså med berre lydfil, det kan bli for sterkt. Nyt resultatet.

Køyr film:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar