Viser innlegg med etiketten Informasjonskompetanse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Informasjonskompetanse. Vis alle innlegg

lørdag 16. april 2011

Netvibes ei god startside

Til no har eg gjerne brukt lokalavisa som startside på PC-en. Det er kjekt det og ofte er det noko nytt som møter meg kvar dag. No prøver eg å vise korleis det kan bli med Netvibes. Du må nesten opne bilda for å få samanheng i det eg skriver, kanskje står der noko viktig!? Denne Netvibesen som eg har teke bilde av er privat og ikkje råd og dele slik du kunne utforske den sjølv, difor bilda. Men eg har og laga ein offentleg, om fuglar, her er den. Eg legg inn ei lenke på slutten ogslik du kan konsentrere deg om dette "Dashbordet" først.


Etter å ha lært om Netvibes forstår eg at her kan eg raskt få gjort unna nokre “småting” samstundes som eg kanskje og veit kvar eg “har” hugseliste, kalkulator, mine aviser og bloggadressene til Per og Pål. Men før Netvibeskontoen skal etablerast kan det vere kjekt å ha ein G-mail konto


Legg merke til at lokalavisene er leste!!

you-toube er det alltid hjelp å få. På netvibessida di kan du og få tilbakemelding om det siste som skjer der, på facebookkontoen din og om der er nye meldingar på G-mail.



I netvibes kan du legge inn RSS, Realy Simpel Sydication. På bloggen til Martin Bekkelund får du ei god innføring på norsk. RSS er ei oppdateringsteneste som viser om noko nytt har hendt på ei avisside, bloggside, e-posten din eller Facebookkontoen din. No er det kanskje mest interessant å vite om der er noko nytt på ein spesiell Blogg eller It`s learning.


Når det gjeld It`s learning er det kanskje like viktig at lærarane veit korleis RSS tenesta verkar og er bevisst på det. Det er ikkje nok å legge ut nye oppgåver, ein er og nødd til å legge inn ei påminning på fagsida. Det er der RSS-feedinga ligg.


Ofte brukar eg nettet til å finne telfonnummer og planlegge kartruter, eller rett å slett finne plassar rundt om kring. Ja, no veit eg kvar eg har det og.

No har eg igjen brukt noko tid på eit Privat dashboard. Er der ein måte å dele det med nokon?

Fuglesida mi laga eg i forbindelse med innlevering av M3.

Thorseth og Skog vår tids oppdagarar

No skulle eg ynskje at eg alt hadde teke i bruk Delicious (Harboe L, norskboka.no 2010:155) For ikkje lenge sidan var eg innom ei norsk nettside som eg lagra i favorittar, sidan har eg diverre skifta jobb PC-en og bokmerke har gått tapt. 


Harbo seier: “Kva gjør du når du finner en side på nettet som du antar du kanskje ønsker å komme tilbake til senere?” (ibid), og beskriv Delicious som eit program der du kan skrive umiddelbare kommentarar “opp på” sida  og lagre merknaden med sida. Og ved å bruke ulike stikkord vil du lett finne den att. Ja, og du kan og dele sida med andre til dømes elevane dine.

Sida minte meg  om http://www.martinlutherking.org/  Artikkelen eg kom innom tok for seg ein lokal del av krigsoppgjeret i Norge med ein stor detaljrikdom. Eg las artikkelen med interesse og undring, kunne dette stemme? Etter å ha hoppa litt rundt på web-sida elles,  forsto eg at her var nok ikkje alle kjeldene like mykje til å stole på.

Det går for seint for meg å lese engelsk, men alt den første artikkelen eg opna fekk meg til å reagere, - er dette noko å skrive om? Martin Luther King Pop Quiz, spesielt  når spørsmålet som kom opp var slik: 

2. According to whose 1989 biography did King spend his last night on earth in an adulterous liaison?” 

Eg vil ikkje gå noko meir i djupna med dette døme anna enn å gå nederst på sida og fylgje lenka til opphavsmennene. “Ein URL kan gi deg informasjon om opphavet til sida, …. (Erdal I.J., 2011:9) Ved å fylgje ein link nedst på sida kom eg hit: http://www.stormfront.org/forum/  Oppe til venstre på sida er der eit symbol som seier: White pride world wide.  Eg og mine elevar treng ikkje meir info frå denne sida. På den andre side er ho eit døme på spreiing av sjofel svertekampanje .



Sida:  http://www.allaboutexplorers.com/  Alt om oppdagarar verkar spennande.  Eg gjekk raskt til Magellan sine sider, klart i minne korleis gamlerektor på barneskulen var tilbake og hadde ein vikartime i 2. klasse der han la ut om denne store sjøfararen, og kvar han sette sitt namn på kartet og i historiebøkene. Let eg att augene kan eg framleis sjå korleis han tok fram kartet av Sør-Amerika og viste oss Magellanstredet og la ut om den strabasiøse reisa.
Men kva var dette? Han seilte gjennom Panamkanalen og vart skoten i auga av ein AK-47. Er det berre tull dei forar oss med denne gongen? På siste fana er det merka About, her får eg ei god forklaring. Dette er ei side som både har med fakta og tvilsomme opplysingar og vil trene opp elevar til kjeldekritisk tenking. Jau, tilnerminga er morosam synes eg. Kanskje var det vel overdreve å kome med ein AK-47 på 1500 talet, men på den andre side kunne det ha vore dåtidas gevær. Etter litt manurering på sida fann eg lenker som ikkje var oppdaterte og i funksjon, det er synd.



Eg likte godt metodikken og kanskje hadde det kunne vore ein god ide til ein Netvibes ilag med elevane, om våre heltar for å skape blest om dei.  

Nansen, Amundsen, Thorseth, Skog og fleire med dei.