tirsdag 5. april 2011

Tilpassa opplæring 2 og bruk av dropbox

Ja, så var verktøyet som eg hadde sakna på plass. Dropbox, ein lagringsplass på nettet der du kan ha liggande inntil 2GB gratis med filer av ulike slag, og vil du vite meir kan du sjekke her.

På sikt tenker eg å utvikle ei heimeside der eg vil legge ut alle songane eg har laga til. Nokre av songane eg brukar må eg ha avklaring i høve til dei som har rettane til dei.

Men her har eg to som er sikre då dei to opphavsskaparane har vore død i meir enn 70 år.

«Blåmann» eller «Leitande etter Blåmann» er ein kjend song skriven av Aasmund Olavsson Vinje. Han blei prenta første gongen iDølen i 1860, som avslutning til artikkelen «Gjeiti». Diktet blei seinare tonesett av Anne Haavie, og er blitt ein utbreidd norsk barnesong (Kjelde Wikipedia)

Her kan dokke berre fylgje lenkene.


Vil du kopiere heile songen kan du laste den ned på di maskin via min Drop-box konto, berre klikk på denne lenka:

    http://dl.dropbox.com/u/25413938/Bl%C3%A5mann.doc

Torsdag førstkomande skal vi ha konsert. Vi har invitert klassa for tilrettelagd undervising ved Volda vidaregåande slik dei kan få høyre kva vi har lært i løpet av dette året. Blir konserten ei suksess er det ikkje umulig at vi legg ut på turne!!

Denne songen har vi seks vers på og linken til fila finn du her: http://dl.dropbox.com/u/25413938/Happy%20Birthday.doc

Her bilete av songen,
                                                                                                                                                                    
og bilete av bassgitaristen


Så håpar vi at vi snart kan by på lydopptak og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar