Viser innlegg med etiketten Bilde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bilde. Vis alle innlegg

torsdag 25. november 2010

Bilde og redigering

Oppgåva vår var å ta utgangspunkt i eit bilde der motivet var plassert i midten. Eg fann eit fint vinterbilde frå siste år. "Ei annan måte å skape fokus omkring hovudmotivet/a, er å ta i bruk tredjedelsregelen. Her tenker ein seg to vassrette strekar og to loddrette strekar i bilete. Strekane skal plasserast 1/3 -del inn i biletet frå kvar av sidene." (Nesset, C.J., Vadla, E og Frantsen, T. 2010:12)

I redigeringsverktøyet Picnic som samarbeidar med nettalbumet Picasa har dei eit flott ruteverktøy som eg brukte til beskjering av bilda. Det gir ein høve til å plassere motivet i lilinjene til det gyldne snitt. Så eg passa på å plassere motivet i sidelinjene og hovudet i skjeringspunktet.






Her plasserte eg motivet til venstre. Veien og trerekka gir ekstra djupnevirking i bilde. Motivet har ikkje noko som "konkurrerer" med det til venstre. Kanskje burde eg "fjerna" vegstikka, men det går ikkje i denne utgåva.







"Linjer i biletet er med på å leie blikket til sjåaren."(Nesset, C.J., Vadla, E og Frantsen, T. 2010:13)







Korleis ville bilde ta seg ut i kvadratisk form?

Veien gir framleis djupne, men trea synes eg pressar motivet på veg ut av bilde. Dei slæst med motivet om merksemda. Eg var kanskje heldigare med fargejusteringa på forrige bilde og.
Jau motivet synes eg var like bra!! Dette bilde var kanskje ikkje egna til å seie om det er betre eventuelt mindre egna med kvadratisk format.
Alle bilde er brukt med løyve frå den som er i sentrum, Åse.

----------------------------------------------------------------------------------------------


Kjelder:

Nesset,C.J,Vadla,E. og Fransen,T. (2010) Bilete 1 DKL 101. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Picasa 3
Picnic nettredigering, sjå lenke.

Instruksjonsvideoar DKL-studiet 101 HiVolda h10:
picasaweb-picnik-samarbeid.swf Lasta ned 22.10.2010
picnik-demo1.swf Lasta ned 22.10.2010
picnik-demo2.swf Lasta ned 22.10.2010
Slideshow_og_film_i_Picasa.swf Lasta ned 22.10.2010






søndag 21. november 2010

Garnestua kort

Hei eg slit noko med Picasa 3. Det eg lastar inn og arbeider med i biblioteket lagrar seg ikkje, så no køyrde eg noko rett på nettalbum. Men heldigvis fann eg att denne videosnutten, og freistar å legge den ut. Eg ville gjerne ha ei høveleg lydfil til og, men vi får sjå om det kjem seinare. Garnestua er ein flott fjelltopp rett opp frå bygda Haddal. Det er ein fin fjelltur på 45 min ++ alt etter grunnlaget. Sidan råsa går etter ein rygg er den fin og tørr. Dvs i haust kom vi oss ikkje over elva så då måtte vi gå ned mot Løset(200m) og opp på andre sida av elva. Utsikta frå toppen er fin i alle retningar og du kan faktisk sjå heile 10 av vatna på Hareidlandet. Startpunktet på turen er Vassenden på Fjellsvatnet.

God tur Stig!!



Ja, planen var at dette skulle vere eit samansett produkt. Så eg får sjå på det som endå eit bildebidrag.