Hei eg slit noko med Picasa 3. Det eg lastar inn og arbeider med i biblioteket lagrar seg ikkje, så no køyrde eg noko rett på nettalbum. Men heldigvis fann eg att denne videosnutten, og freistar å legge den ut. Eg ville gjerne ha ei høveleg lydfil til og, men vi får sjå om det kjem seinare. Garnestua er ein flott fjelltopp rett opp frå bygda Haddal. Det er ein fin fjelltur på 45 min ++ alt etter grunnlaget. Sidan råsa går etter ein rygg er den fin og tørr. Dvs i haust kom vi oss ikkje over elva så då måtte vi gå ned mot Løset(200m) og opp på andre sida av elva. Utsikta frå toppen er fin i alle retningar og du kan faktisk sjå heile 10 av vatna på Hareidlandet. Startpunktet på turen er Vassenden på Fjellsvatnet.
God tur Stig!!
Ja, planen var at dette skulle vere eit samansett produkt. Så eg får sjå på det som endå eit bildebidrag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar