Først sang eg inn bass-stemma ved hjelp av klikk og litt pianostøtte. Så la eg på tenorstemma, måtte øve ein del. Første bass-stemma var for sterk så eg avslutta med ei bass-stemme til.
Slik ser det ut:
Slik blei lyden eller dvs. dette var utgangspunktet, eg har betre spor. Og det tok så mykje tide at no blir det God natt! Så får eg sjå om eg får laga eit par videoa til om ikkje eg får gode tips til berre å legge ut lydfilene i MP3.
Når eg skulle arbeide vidare tok eg for meg dei to siste stemmene, då blei bilde slik:
Her ser dokke at når vi utvidar stemmene, altså gjer stripa breiare, då når ein tak i volumkontrollen for kvar stemme. Då prøvar ein seg fram til ein får eit lydbilde ein er nøgd med. Det var ikkje mykje eg drog opp tenorstemma.
Her er mest tenor:
Her er ein nokolunde balansert versjon:
Audacity er eit gratisprogramm som ein finn på nettet. http://audacity.sourceforge.net/
I tillegg er det ei svensk nettside som gir god instruksjon. http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/
Så er det arbeid og tid som står igjen, og den går fort. Eg har no pjaska ein del med musikk, men det å bruke dei ulike instillingane synest eg ikkje var enkelt. Heldigvis veit ein at øving gjer meister.
No kan eg sende lyfilene til leiaren i koret og så blir det sendt vidare, så får eg håpe eg får døma inn på sida på denne sida av midnatt. (Ei på plass!)
Apropo, he dokke sett på klokkeslettet då bloggen vart publisert. Kun ein gong har eg vore oppe midt på natta, men det var no under forelesingane i Volda??
Gler meg til å kome tilbake i skulen for å bruke dette verktøyet i musikkundervisinga.
------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Antwort, K. (2010) Lyd 1 - DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/
Verktøy:
Paint.NET Lasta ned. 14.08.2009 kl 12:56
Verktøy:
Paint.NET Lasta ned. 14.08.2009 kl 12:56
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar