I redigeringsverktøyet Picnic som samarbeidar med nettalbumet Picasa har dei eit flott ruteverktøy som eg brukte til beskjering av bilda. Det gir ein høve til å plassere motivet i lilinjene til det gyldne snitt. Så eg passa på å plassere motivet i sidelinjene og hovudet i skjeringspunktet.
Her plasserte eg motivet til venstre. Veien og trerekka gir ekstra djupnevirking i bilde. Motivet har ikkje noko som "konkurrerer" med det til venstre. Kanskje burde eg "fjerna" vegstikka, men det går ikkje i denne utgåva.
"Linjer i biletet er med på å leie blikket til sjåaren."(Nesset, C.J., Vadla, E og Frantsen, T. 2010:13)
Korleis ville bilde ta seg ut i kvadratisk form?
Jau motivet synes eg var like bra!! Dette bilde var kanskje ikkje egna til å seie om det er betre eventuelt mindre egna med kvadratisk format.
Alle bilde er brukt med løyve frå den som er i sentrum, Åse.
----------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Nesset,C.J,Vadla,E. og Fransen,T. (2010) Bilete 1 DKL 101. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Picasa 3
Picnic nettredigering, sjå lenke.
Instruksjonsvideoar DKL-studiet 101 HiVolda h10:
picasaweb-picnik-samarbeid.swf Lasta ned 22.10.2010
picnik-demo1.swf Lasta ned 22.10.2010
picnik-demo2.swf Lasta ned 22.10.2010
Slideshow_og_film_i_Picasa.swf Lasta ned 22.10.2010
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar