søndag 28. november 2010

Hypertekst

"Tekst heng saman med anna tekst - gjerne på ei anna nettside enn der vi starta turen. Nettverket av sider kan gi oss utfyllande informasjon, alternativ informasjon, illustrasjonar,.."(Sæterås, K.B. 2010:12) 

Sjølv om ein kanskje først og fremst tenker på norsk når det gjeld hypertekstforteljing, så høver den kanskje vel så godt til oss som vil ha meir konkrete oppgåver å arbeide med. Men at ein også her kan kome heilt ut på viddene eller sagt på ein annan måte kunnskapssirkelen synes uendeleg i ei Hypertekstoppgåve,

Før eg tek deg med på ei lita Hyperreise vil eg gi deg eit råd. Dersom du høgreklikkar på lenka/peikaren får du valet å opne i nytt vindu. Det kan vere ein fordel å vite kvar ein starta.

Eg vil ta utgangspunkt i turbeskrivinga mi som eg hadde i ein tidlegare blogg. Frå Garnestua har ein ei fantastisk utsikt. Ja ein kan faktisk sjå heile 10 av vatna på Hareidlandet. Det som er kanskje mest pussig er at det vatnet som ligg nærast ikkje er råd å sjå frå sjølve tua, nemleg Mørkevatnet. Fjellsvatnet ligg nord for Garnestua. Elva frå vatnet renn vidare ned i Løsetvatnet. Hammarstøylsvatnet ligg endå meir mot nord i retning Hareid. Snipsøyrvatnet er det største på øya og i det fjerne ser vi Grimstadvatnet med Hareid i bakgrunnen. Litt meir mot aust ser vi Hjørundalsvatnet  inn mot Storfjorden. Kjellstjørna ligg rett nord nesten ut på Flø og det er nok ein fordel med telelinse for å få auge på den. Då er det lettare å sjå Garnesvatnet rett ned mot vest. I retning Ørsta ligg Hundelaupsvatnet på andre sida av Rinstaddalen. Det siste vatnet, Aursnesvatnet, måtte eg faktisk klatre opp på sjølve Varden for å få teke bilete av.

Potensiale i denne læringa ser eg i at borna får høve til ei skaping som i mykje større grad kan eksponerast, visat fram. Det er sjølvsagt mykje meir motiverande og inspirerande enn å henge det på veggen i klasserommet. Med stadig aukande lagringskapasitet i veven vil det ikkje vere noko utfordring å bygge opp ein digital portefylgje for dei ulike elevane. Noko som vil både vere inspirerande, kjekt for ettertida og også lette vurderingsarbeidet for oss lærarar.

Det er alltid ein kvan som har vore ute ei vinternatt før!! Heldigvis såg ikkje så mykje på det før eg la i veg. Når eg såg denne flotte sida http://westcoastpeaks.com/index.html var det for seint å snu. Kanskje kan eg supplere denne sida på min måte i framtida.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:
Sæterås, K.B. (2010) Tekstskaping med IKT – DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
http://www.sunnmorskart.no/
http://westcoastpeaks.com/index.html 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar