Rett før siste samling var eg inne på Fronter for å oppdatere meg. Ta med headsett! Rekneark på programmet! Det vart lite a begge deler, men eg sette meg i alle høve ned for å sprenglese leksjonane. Og frå Torbjørn Frantsen sin leksjon forsto eg at muligheitene og kompleksiteten er stor.
Eg hadde håpt på å få konkrete svar på eit rekneark som eg arbeidar med på min måte. Utifrå Torbjørn sine (hvis) forstår eg at her er mange snarvegar å lære. Men kan nokon gi meg ein kommentar på følgande problemstilling i Excel 2000. Eg har laga ei spørjeundersøking på 156deltakara.
Det er menn og kvinner i ulike aldrar. Så eg tenkte å dele den opp i dei ulike kategoriane i tillegg til den samla oversikta. Eg hadde gjort meg flid i planlegginga slik klipp og lim biten skulle gå unna. Så når eg tok til å bearbeide den gjekk det fint til opplysingane mine opptil 116. For då berre klippte eg vekk og endra formelen.
Når eg kjem over 116, på orginalen, så viser ikkje dei siste 40 arka. Korleis kan eg få dei fram i formelen? Skriv kommentarar!!
---------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Frantsen,T (2010) Rekneark 1 DKL 101. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar