torsdag 25. november 2010

Tankekart

Klassa skulle ha geografiprøve og då tenkte eg at det var ei god anledning til å dele min nyvunne kunnskap. Spesielt vart eg fasinert av korleis ein kunne "pakke" ut greinene etterkvart og på den måten kontrollere om kunnskapen sat. Men som eg sa til 1ST1 på Ulstein Vidaregåande skule, så handlar læring oftast om repetering. Og den første jobben ein må gjere er å ta ned notatar i form av eit tankekart.


                    1. Ta notat
                    2. Visualisering / Forklaring
                    3. Idémyldring (brainstorming) Individuelt eller
                        kollaborativt
                    4. Utredning / utforsking / kunnskapsbygging
                    5. Kognitiv støtte (i ulike prosesser)
                    6. Samarbeid/utvikling  (Antwort, K. 2010:13)

Så då var vi i gong.


Starta enkelt med å ta overskrifta til Kapittel 3, og så gå til innhaldslista for å sjå kva den såg på som hovudemna. Eg valde å gå vidare på forvitring og erosjon. Når eg snakka med elevane viste det seg at berre to stk kjende til Digitale tankekart, begge refererte til Freemind.
Eg spurde og om det var mange som hadde bearbeidd stoffet dei skulle ha til i morgon med andre studieteknikkar. Om det var beskjedenheit eller, veit eg ikkje. Berre ein elev gav uttrykk for ein studieteknikk, nemleg tospaltaren.


Skal ein bruke det til repetisjonsverktøy er det viktig å "pakke" det både opp og ned ledd for ledd, slik ikkje heile dokumentet opnar seg på ein gong.


Til slutt kom forklaringa på solsprenging, tykkavlastning og frostforvitring.


Til elevane sa eg det var smart å skaffe seg ei G-mail adresse slik at dei på den måten kunne få tilgong til Mindomo, så viste eg dei kvar dei kunne skaffe seg ein slik konto. Etterpå gjekk eg til innlogginga på Mindomo og viste dei at ein kunne bruke G-mail kontoen å gå rett inn. Då var dei snare å informere meg om at her kunne ein og logge seg på med Facebook. Ja, eg får håpe dei tek seg arbeidet med å lese i geografiboka og lage eigne notatar. Her er heile mitt produkt i denne samanheng, no er prøva ferdig. Her kan ein eksprimentere vidare.

-----------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Antwort, K: (2010) Tankekart.pdf, Samling 3, DKL 101 Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

                   Hva kan kartene brukes til?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar