No skulle eg ynskje at eg alt hadde teke i bruk Delicious (Harboe L, norskboka.no 2010:155) For ikkje lenge sidan var eg innom ei norsk nettside som eg lagra i favorittar, sidan har eg diverre skifta jobb PC-en og bokmerke har gått tapt.
Harbo seier: “Kva gjør du når du finner en side på nettet som du antar du kanskje ønsker å komme tilbake til senere?” (ibid), og beskriv Delicious som eit program der du kan skrive umiddelbare kommentarar “opp på” sida og lagre merknaden med sida. Og ved å bruke ulike stikkord vil du lett finne den att. Ja, og du kan og dele sida med andre til dømes elevane dine.
Sida minte meg om http://www.martinlutherking.org/ Artikkelen eg kom innom tok for seg ein lokal del av krigsoppgjeret i Norge med ein stor detaljrikdom. Eg las artikkelen med interesse og undring, kunne dette stemme? Etter å ha hoppa litt rundt på web-sida elles, forsto eg at her var nok ikkje alle kjeldene like mykje til å stole på.
Det går for seint for meg å lese engelsk, men alt den første artikkelen eg opna fekk meg til å reagere, - er dette noko å skrive om? Martin Luther King Pop Quiz, spesielt når spørsmålet som kom opp var slik:
“2. According to whose 1989 biography did King spend his last night on earth in an adulterous liaison?”
Eg vil ikkje gå noko meir i djupna med dette døme anna enn å gå nederst på sida og fylgje lenka til opphavsmennene. “Ein URL kan gi deg informasjon om opphavet til sida, …. (Erdal I.J., 2011:9) Ved å fylgje ein link nedst på sida kom eg hit: http://www.stormfront.org/forum/ Oppe til venstre på sida er der eit symbol som seier: White pride world wide. Eg og mine elevar treng ikkje meir info frå denne sida. På den andre side er ho eit døme på spreiing av sjofel svertekampanje .

Sida: http://www.allaboutexplorers.com/ Alt om oppdagarar verkar spennande. Eg gjekk raskt til Magellan sine sider, klart i minne korleis gamlerektor på barneskulen var tilbake og hadde ein vikartime i 2. klasse der han la ut om denne store sjøfararen, og kvar han sette sitt namn på kartet og i historiebøkene. Let eg att augene kan eg framleis sjå korleis han tok fram kartet av Sør-Amerika og viste oss Magellanstredet og la ut om den strabasiøse reisa.
Men kva var dette? Han seilte gjennom Panamkanalen og vart skoten i auga av ein AK-47. Er det berre tull dei forar oss med denne gongen? På siste fana er det merka About, her får eg ei god forklaring. Dette er ei side som både har med fakta og tvilsomme opplysingar og vil trene opp elevar til kjeldekritisk tenking. Jau, tilnerminga er morosam synes eg. Kanskje var det vel overdreve å kome med ein AK-47 på 1500 talet, men på den andre side kunne det ha vore dåtidas gevær. Etter litt manurering på sida fann eg lenker som ikkje var oppdaterte og i funksjon, det er synd.
Eg likte godt metodikken og kanskje hadde det kunne vore ein god ide til ein Netvibes ilag med elevane, om våre heltar for å skape blest om dei.
Nansen, Amundsen, Thorseth, Skog og fleire med dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar