Til no har eg gjerne brukt lokalavisa som startside på PC-en. Det er kjekt det og ofte er det noko nytt som møter meg kvar dag. No prøver eg å vise korleis det kan bli med Netvibes. Du må nesten opne bilda for å få samanheng i det eg skriver, kanskje står der noko viktig!? Denne Netvibesen som eg har teke bilde av er privat og ikkje råd og dele slik du kunne utforske den sjølv, difor bilda. Men eg har og laga ein offentleg, om fuglar, her er den. Eg legg inn ei lenke på slutten ogslik du kan konsentrere deg om dette "Dashbordet" først.
Etter å ha lært om Netvibes forstår eg at her kan eg raskt få gjort unna nokre “småting” samstundes som eg kanskje og veit kvar eg “har” hugseliste, kalkulator, mine aviser og bloggadressene til Per og Pål. Men før Netvibeskontoen skal etablerast kan det vere kjekt å ha ein G-mail konto.
Legg merke til at lokalavisene er leste!!
På you-toube er det alltid hjelp å få. På netvibessida di kan du og få tilbakemelding om det siste som skjer der, på facebookkontoen din og om der er nye meldingar på G-mail.
I netvibes kan du legge inn RSS, Realy Simpel Sydication. På bloggen til Martin Bekkelund får du ei god innføring på norsk. RSS er ei oppdateringsteneste som viser om noko nytt har hendt på ei avisside, bloggside, e-posten din eller Facebookkontoen din. No er det kanskje mest interessant å vite om der er noko nytt på ein spesiell Blogg eller It`s learning.
Når det gjeld It`s learning er det kanskje like viktig at lærarane veit korleis RSS tenesta verkar og er bevisst på det. Det er ikkje nok å legge ut nye oppgåver, ein er og nødd til å legge inn ei påminning på fagsida. Det er der RSS-feedinga ligg.
Ofte brukar eg nettet til å finne telfonnummer og planlegge kartruter, eller rett å slett finne plassar rundt om kring. Ja, no veit eg kvar eg har det og.
No har eg igjen brukt noko tid på eit Privat dashboard. Er der ein måte å dele det med nokon?
Fuglesida mi laga eg i forbindelse med innlevering av M3.
Fuglesida mi laga eg i forbindelse med innlevering av M3.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar