I denne leksjonen skulle vi gjere oss kjende med eit av verktøya og sjå korleis ein kunne knyte verktøyet til læreplanmål.
Når eg tenker på korleis døtrene mine vart introduserte til den første lese og skriveopplæringa på skulen vil eg seie at Comic life kan vere eit motiverande og kjekt verktøy til bruk i så måte. I dag har skulane og dei fleste lærarar oså den kompetanse som skal til for å ta verktøyet i bruk. Vi veit og at ei av dei fem søylene i LK06 er digital kunnskap.
I Læreplanen 06 står det i kompetansemåla til norskfaget 2.kl : “ uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser” (LK06:45) Det står og kor viktig det er å samtale om ord og bilde og korleis dei verkar saman.(ibid)
Den gong skreiv læraren opplevingane barna såg på turen opp på tavla. Så skreiv ein det over på eit ark som dei fekk lime inn i boka si eller dei som greidde å skrive sjølve fekk lov til det. Og for å understreke teksten laga elevane eigne illustrerande teikningar. Eg håpar inderleg dei held fram med denne måten å arbeide på, men no kan ein og supplere med “teikneserie”. Eg tenker meg teikneserien veldig konkret og at elevane og skal få vere med på produksjonen. No underviser eg ikkje i andre klasse, men når ein ser kor fotrulege barna i dag er med ulike dataspel, vil eg tru at bokstavane på tastaturet blir lett å kjenne att.
Tekstskaping med datamaskin er og eit anna av kompetansemåla i 2. klasse. (LK06:45)
Ein måte å gi den grunnleggande leseopplæringa på kan vere via eigenproduserte teikneseriar. Her treng ein ikkje tenke ut vanskelege og kreative dialogar.
Som det ser her er vi og oppteken av å lære fargane.
Og at ein kan halde fram med teikneseriar i norskopplæringa fann eg dekning for hjå Leif Harboe i norskboka.no (2010:195). Han viser til nettsida til nynorssenteret der han har funne mange gode tips til bruk i norskundervisinga. http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/ Ja, då berre bøyer eg meg i støvet.
Ja, og vil du halde fram med teikneseriar er det berre å satse fram mot vidaregåande skule i fylgje høgskulen i i Bergen. I samarbeid med Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) har dei utvkla ein læringsressurs til bruk i Vidaregåande skule.(DKL102 Samansette tekstar 2011:10)
Avslutningsvis må eg og få lov til å vise fram vår gode venn og kjeldegge og mi første erfaring med Comic Life.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar