mandag 29. november 2010

Headset

I mappeoppgåva mi om lyd reflekterte eg om kva kvaliteten på headset hadde å bety for opptak med Audacity. No har eg gjennomført eit lite ekseriment. Eg spelte inn to filer med same tekst som eg las inn. Så klippte eg saman ei ny fil med blanding av dei to filene. Store skilnaden på dei setta har eg vanskar med å høyre. No har eg rett nok berre høyrt det her på PC-en. Kanskje er det lettare å skilje på eit betre medium.













Her ser du bilde av dei tre filene. Som du ser har eg fem delar. Først Labtec(0-7), så trust(7-15),Lab (15-22), Tr (22-26), Labtec (26-32)
                                                                                                                                                                                
Her kan du høyre på den samanklipte lydfila:



                                      Her kan du høyre Thrust settet:


                                                                           Her kan du høyre Labtec settet:





Øving gjer meister. Ikkje det at kvaliteten er perfekt, men det går raskare å produsere. Har ein del praktiske vanskar. Spesielt det å gå frå nettalbum til Offentleg album, slik at eg berre kunne legge ut ein link, men no blir det vel kanskje og liggande i mitt Offentlege arkiv.


-----------------------------------------------------------------------------------

Kjelder/verktøy:

Picasa 3,  Lasta ned 14.10.2010 kl 11:45
Audacitty 1.3 Beta (Unicode),  Lasta ned 03.11.2010 kl. 22:36
Paint.NET Lasta ned. 14.08.2009 kl 12:56

Kopiering fremjar læring!!

1. Den/de som har skrevet teksten.
2. Den/de som har skrevet musikken.(Antwort,K. 2010:21)

No publiserte eg i forrige innlegg delar av eit arrangement av Nils Abrahamsen. Teksten på sangen Greensleeves brukte eg ikkje, men eg trur nok at dei fleste vil kjenne den att likevel. Eg kunne no kanskje ha sunge feil ein plass slik at eg kanskje kunne påberope meg eit nytt arr, men eg får ta risken. Dei som ser dette innlegget og høyrer det forrige må også kjøpe arrangementet for å få full uttelling, såleis kan eg kanskje skaffe nye kjøparar?!

Arbeidet er først og fremst gjort med tanke på koret som har investert i arrangementet. Som medlem i Norges korforbund har dei avtale om at Tonoavgifta er betalt i høve til framføring av verka i offentligheit. No har eg ein motivasjon til og det er å bli ferdig med blogginnlegga mine.

Men det er no kjekt med youtoube slik at ikkje alt ligg på loftet til NRK og støvar ned.

Ellers synes eg det var flott at vi endeleg kan lagre digitalt loveleg i skulen. Det å kunne legge ut ei digital mappe med sangar og notar vi brukar i musikk ser eg fram til. Til no har verken eg eller andre lærarar erfart at den digitale revolusjonen har ført til færre papirkopiar.

"Nå kan skolene kopiere digitalt. Ved å inngå avtale om digital kopiering har KS og Kopinor lagt til rette for en enklere hverdag for lærere og elever i skolen. (Kopinor, 2008) (Antwort,K. 2010:18)

-----------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:


Antwort, K. (2010) Lyd 1 - DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Greensleeves arrangement av Nils G Abrahamsen

søndag 28. november 2010

Audacity lydredigering

Eg hadde som ambisjon å legge lydfil til veivisaren min til Garnestua. Vi får sjå kva vi rekker. Audcity er i alle høve eit flott verktøy. Eg har tidlegare laga ei øvingsfil til ein kompis i høve eit 50 årslag, vi skulle synge fleirstemt. No kjem reprisa, eg vil lage ei øvingsfil for tenorar og bassar til ein av songane vi skal ha til jul.

Først sang eg inn bass-stemma ved hjelp av klikk og litt pianostøtte. Så la eg på tenorstemma, måtte øve ein del. Første bass-stemma var for sterk så eg avslutta med ei bass-stemme til.
Slik ser det ut:                                                                                                 


Slik blei lyden eller dvs. dette var utgangspunktet, eg har betre spor. Og det tok så mykje tide at no blir det God natt! Så får eg sjå om eg får laga eit par videoa til om ikkje eg får gode tips til berre å legge ut lydfilene i MP3.



Når eg skulle arbeide vidare tok eg for meg dei to siste stemmene, då blei bilde slik:


Her ser dokke at når vi utvidar stemmene, altså gjer stripa breiare, då når ein tak i volumkontrollen for kvar stemme. Då prøvar ein seg fram til ein får eit lydbilde ein er nøgd med. Det var ikkje mykje eg drog opp tenorstemma.

Her er mest tenor:


                                                Her er ein nokolunde balansert versjon:

                                                 


Audacity er eit gratisprogramm som ein finn på nettet. http://audacity.sourceforge.net/

I tillegg er det ei svensk nettside som gir god instruksjon. http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/

Så er det arbeid og tid som står igjen, og den går fort. Eg har no pjaska ein del med musikk, men det å bruke dei ulike instillingane synest eg ikkje var enkelt. Heldigvis veit ein at øving gjer meister.

No kan eg sende lyfilene til leiaren i koret og så blir det sendt vidare, så får eg håpe eg får døma inn på sida på denne sida av midnatt. (Ei på plass!)

Apropo, he dokke sett på klokkeslettet då bloggen vart publisert. Kun ein gong har eg vore oppe midt på natta, men det var no under forelesingane i Volda??

Gler meg til å kome tilbake i skulen for å bruke dette verktøyet i musikkundervisinga.

------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:
Antwort, K. (2010) Lyd 1 - DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/

Verktøy:

Picasa 3,  Lasta ned 14.10.2010 kl 11:45
Audacitty 1.3 Beta (Unicode),  Lasta ned 03.11.2010 kl. 22:36
Paint.NET Lasta ned. 14.08.2009 kl 12:56

Rekneark

Rett før siste samling var eg inne på Fronter for å oppdatere meg. Ta med headsett! Rekneark på programmet! Det vart lite a begge deler, men eg sette meg i alle høve ned for å sprenglese leksjonane. Og frå Torbjørn Frantsen sin leksjon forsto eg at muligheitene og kompleksiteten er stor.



Eg hadde håpt på å få konkrete svar på eit rekneark som eg arbeidar med på min måte. Utifrå Torbjørn sine (hvis) forstår eg at her er mange snarvegar å lære. Men kan nokon gi meg ein kommentar på følgande problemstilling i Excel 2000. Eg har laga ei spørjeundersøking på 156deltakara.


Det er menn og kvinner i ulike aldrar. Så eg tenkte å dele den opp i dei ulike kategoriane i tillegg til den samla oversikta. Eg hadde gjort meg flid i planlegginga slik klipp og lim biten skulle gå unna. Så når eg tok til å bearbeide den gjekk det fint til opplysingane mine opptil  116. For då berre klippte eg vekk og endra formelen.


Når eg kjem over 116, på orginalen, så viser ikkje dei siste 40 arka. Korleis kan eg få dei fram i formelen? Skriv kommentarar!!

---------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:
Frantsen,T (2010) Rekneark 1 DKL 101. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

Hypertekst

"Tekst heng saman med anna tekst - gjerne på ei anna nettside enn der vi starta turen. Nettverket av sider kan gi oss utfyllande informasjon, alternativ informasjon, illustrasjonar,.."(Sæterås, K.B. 2010:12) 

Sjølv om ein kanskje først og fremst tenker på norsk når det gjeld hypertekstforteljing, så høver den kanskje vel så godt til oss som vil ha meir konkrete oppgåver å arbeide med. Men at ein også her kan kome heilt ut på viddene eller sagt på ein annan måte kunnskapssirkelen synes uendeleg i ei Hypertekstoppgåve,

Før eg tek deg med på ei lita Hyperreise vil eg gi deg eit råd. Dersom du høgreklikkar på lenka/peikaren får du valet å opne i nytt vindu. Det kan vere ein fordel å vite kvar ein starta.

Eg vil ta utgangspunkt i turbeskrivinga mi som eg hadde i ein tidlegare blogg. Frå Garnestua har ein ei fantastisk utsikt. Ja ein kan faktisk sjå heile 10 av vatna på Hareidlandet. Det som er kanskje mest pussig er at det vatnet som ligg nærast ikkje er råd å sjå frå sjølve tua, nemleg Mørkevatnet. Fjellsvatnet ligg nord for Garnestua. Elva frå vatnet renn vidare ned i Løsetvatnet. Hammarstøylsvatnet ligg endå meir mot nord i retning Hareid. Snipsøyrvatnet er det største på øya og i det fjerne ser vi Grimstadvatnet med Hareid i bakgrunnen. Litt meir mot aust ser vi Hjørundalsvatnet  inn mot Storfjorden. Kjellstjørna ligg rett nord nesten ut på Flø og det er nok ein fordel med telelinse for å få auge på den. Då er det lettare å sjå Garnesvatnet rett ned mot vest. I retning Ørsta ligg Hundelaupsvatnet på andre sida av Rinstaddalen. Det siste vatnet, Aursnesvatnet, måtte eg faktisk klatre opp på sjølve Varden for å få teke bilete av.

Potensiale i denne læringa ser eg i at borna får høve til ei skaping som i mykje større grad kan eksponerast, visat fram. Det er sjølvsagt mykje meir motiverande og inspirerande enn å henge det på veggen i klasserommet. Med stadig aukande lagringskapasitet i veven vil det ikkje vere noko utfordring å bygge opp ein digital portefylgje for dei ulike elevane. Noko som vil både vere inspirerande, kjekt for ettertida og også lette vurderingsarbeidet for oss lærarar.

Det er alltid ein kvan som har vore ute ei vinternatt før!! Heldigvis såg ikkje så mykje på det før eg la i veg. Når eg såg denne flotte sida http://westcoastpeaks.com/index.html var det for seint å snu. Kanskje kan eg supplere denne sida på min måte i framtida.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:
Sæterås, K.B. (2010) Tekstskaping med IKT – DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
http://www.sunnmorskart.no/
http://westcoastpeaks.com/index.html 

torsdag 25. november 2010

Bilde og redigering

Oppgåva vår var å ta utgangspunkt i eit bilde der motivet var plassert i midten. Eg fann eit fint vinterbilde frå siste år. "Ei annan måte å skape fokus omkring hovudmotivet/a, er å ta i bruk tredjedelsregelen. Her tenker ein seg to vassrette strekar og to loddrette strekar i bilete. Strekane skal plasserast 1/3 -del inn i biletet frå kvar av sidene." (Nesset, C.J., Vadla, E og Frantsen, T. 2010:12)

I redigeringsverktøyet Picnic som samarbeidar med nettalbumet Picasa har dei eit flott ruteverktøy som eg brukte til beskjering av bilda. Det gir ein høve til å plassere motivet i lilinjene til det gyldne snitt. Så eg passa på å plassere motivet i sidelinjene og hovudet i skjeringspunktet.






Her plasserte eg motivet til venstre. Veien og trerekka gir ekstra djupnevirking i bilde. Motivet har ikkje noko som "konkurrerer" med det til venstre. Kanskje burde eg "fjerna" vegstikka, men det går ikkje i denne utgåva.







"Linjer i biletet er med på å leie blikket til sjåaren."(Nesset, C.J., Vadla, E og Frantsen, T. 2010:13)







Korleis ville bilde ta seg ut i kvadratisk form?

Veien gir framleis djupne, men trea synes eg pressar motivet på veg ut av bilde. Dei slæst med motivet om merksemda. Eg var kanskje heldigare med fargejusteringa på forrige bilde og.
Jau motivet synes eg var like bra!! Dette bilde var kanskje ikkje egna til å seie om det er betre eventuelt mindre egna med kvadratisk format.
Alle bilde er brukt med løyve frå den som er i sentrum, Åse.

----------------------------------------------------------------------------------------------


Kjelder:

Nesset,C.J,Vadla,E. og Fransen,T. (2010) Bilete 1 DKL 101. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Picasa 3
Picnic nettredigering, sjå lenke.

Instruksjonsvideoar DKL-studiet 101 HiVolda h10:
picasaweb-picnik-samarbeid.swf Lasta ned 22.10.2010
picnik-demo1.swf Lasta ned 22.10.2010
picnik-demo2.swf Lasta ned 22.10.2010
Slideshow_og_film_i_Picasa.swf Lasta ned 22.10.2010






Tankekart

Klassa skulle ha geografiprøve og då tenkte eg at det var ei god anledning til å dele min nyvunne kunnskap. Spesielt vart eg fasinert av korleis ein kunne "pakke" ut greinene etterkvart og på den måten kontrollere om kunnskapen sat. Men som eg sa til 1ST1 på Ulstein Vidaregåande skule, så handlar læring oftast om repetering. Og den første jobben ein må gjere er å ta ned notatar i form av eit tankekart.


                    1. Ta notat
                    2. Visualisering / Forklaring
                    3. Idémyldring (brainstorming) Individuelt eller
                        kollaborativt
                    4. Utredning / utforsking / kunnskapsbygging
                    5. Kognitiv støtte (i ulike prosesser)
                    6. Samarbeid/utvikling  (Antwort, K. 2010:13)

Så då var vi i gong.


Starta enkelt med å ta overskrifta til Kapittel 3, og så gå til innhaldslista for å sjå kva den såg på som hovudemna. Eg valde å gå vidare på forvitring og erosjon. Når eg snakka med elevane viste det seg at berre to stk kjende til Digitale tankekart, begge refererte til Freemind.
Eg spurde og om det var mange som hadde bearbeidd stoffet dei skulle ha til i morgon med andre studieteknikkar. Om det var beskjedenheit eller, veit eg ikkje. Berre ein elev gav uttrykk for ein studieteknikk, nemleg tospaltaren.


Skal ein bruke det til repetisjonsverktøy er det viktig å "pakke" det både opp og ned ledd for ledd, slik ikkje heile dokumentet opnar seg på ein gong.


Til slutt kom forklaringa på solsprenging, tykkavlastning og frostforvitring.


Til elevane sa eg det var smart å skaffe seg ei G-mail adresse slik at dei på den måten kunne få tilgong til Mindomo, så viste eg dei kvar dei kunne skaffe seg ein slik konto. Etterpå gjekk eg til innlogginga på Mindomo og viste dei at ein kunne bruke G-mail kontoen å gå rett inn. Då var dei snare å informere meg om at her kunne ein og logge seg på med Facebook. Ja, eg får håpe dei tek seg arbeidet med å lese i geografiboka og lage eigne notatar. Her er heile mitt produkt i denne samanheng, no er prøva ferdig. Her kan ein eksprimentere vidare.

-----------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Antwort, K: (2010) Tankekart.pdf, Samling 3, DKL 101 Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

                   Hva kan kartene brukes til?

tirsdag 23. november 2010

Plagiatkontroll skal vi bruke tid på det?

Som konklusjon kopierer jeg fra Jan-Arve Overlands "Internett og fusk": Å kjøpe tjenester for plagiatkontroll er å legitimere en slapp pedagogisk praksis. (JonblOGG: Legitimerer...) står det i kjeldehenvisinga til Kristin. 


Og eg spør kva skal vi bruke tida på? 


Det siste kreative eg høyrde frå ein kollega var at elevar hadde levert inn ein stil og fyllt ut alle operom med kvite bokstavar. Ja, tenkte eg då får eg prøve det og. 


På ungdomsskulen jobbar eg med It`learning og den har plagiatkontroll. Den har eg tidlegare prøvd og den var i alle høve enkel å "lure". Eg sette meg ned og skreiv rett om frå bokmål til nynorsk. Så no har eg skaffa meg ein demoversjon av Ephorus, så får vi sjå korleis den gjer jobben. Tenkte eg skulle køyre det same i It`s learning, men der er diverre plagiatkontrollen nede for telling, så vi får sjå når den oppe igjen. Med Ephorus er eg lova svar innan 24 timar.


Her er utfordringa, klippt rett ut frå Wikipedia:



KøbenhavnÆ

VårenÆ1863ÆankomÆGriegÆKøbenhavnÆsomÆpåÆdenÆtidenÆhaddeÆetÆstortÆkunstnermiljø.[12]HanÆhaddeÆogsåÆkontakterÆherÆ–ÆhansÆgamleÆvennÆEmilÆHornemanÆogÆslektningerÆiÆfamilienÆHagerupÆboddeÆiÆKøbenhavn.ÆSansenÆforÆfolkemusikkenÆvarÆvekketÆiÆdeÆnordiskeÆlandeneÆpåÆdenneÆtiden,ÆiÆDanmarkÆvarÆNielsÆW.ÆGadeÆogÆJ.P.E.ÆHartmannÆsentrale.ÆGadeÆoppfordretÆGriegÆtilÆåÆskriveÆenÆsymfoni,ÆogÆhanÆlotÆsegÆikkeÆbeÆtoÆganger.

Slik ser den ut med kvit Æ:

KøbenhavnÆ

VårenÆ1863ÆankomÆGriegÆKøbenhavnÆsomÆÆdenÆtidenÆhaddeÆetÆ stortÆkunstnermiljø. HanÆhaddeÆogsåÆkontakterÆherÆ–hansÆgamleÆvennÆEmilÆHornemanÆogÆslektningerÆiÆfamilienÆHagerupÆ boddeÆiÆKøbenhavn.ÆSansenÆforÆfolkemusikkenÆvarÆvekketÆiÆdeÆ nordiskeÆlandeneÆÆdenneÆtiden,ÆiÆDanmarkÆvarÆNielsÆW.ÆgadeÆ ogÆJ.P.E.ÆHartmannÆsentrale.ÆGadeÆoppfordretÆGriegÆtilÆåÆskriveÆenÆsymfoni,ÆogÆhanÆlotÆsegÆikkeÆbeÆtoÆganger.

Eg har og skreve eit litt lengre oppsett der eg  stort sett har skrive rett av, men omset til nynorsk. Dvs utgangspunktet for første del brukte eg eit engelsk dookument av Grieg som var omsett av Google translater, så litt vansklegare blir det nok. Men siste del var det same som ovanfor frå den norske sida.

Så då får vi sjå i morgon om:"Selgeren holder seg nok til saken, men leverandøren bak løsningensparer ikke på superlativene: "... you will prevent plagiarism without any additional effort. /../ With Ephorus, teaching will be fun again!" (JonblOGG:Legitimerer...

Følg med , følg med!!
(Ser eg blir litt uheldig med kvit Æ i publiseringa, men det får stå til! Her(forhåndsvisinga) og i Word ser det heil topp ut.)

Søndag 28.11.10 kl 17.50 Eg ventar framleis på Ephorus, litt skuffa.
EmneRE: Ephorus: svar på demoforespørselen
AvsenderEphorus Support Add contact
MottakerStig Grimstad Add contact
DatoFre 14:35

Dear Stig Grimstad,

Thanks for the question.

We have received your document and we are still processing it. The processing time is a bit longer then expected. We will deliver the report as soon as possible.

Sorry for any inconvenience.
-------------------------------------------------------------------------
Kjelder:

Sæterås, K.B. (2010) Tekstskaping med IKT – DKL101, Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS 


http://no.wikipedia.org/wiki/Edvard_Grieg Lasta ned 23.11.2010. 

søndag 21. november 2010

Garnestua kort

Hei eg slit noko med Picasa 3. Det eg lastar inn og arbeider med i biblioteket lagrar seg ikkje, så no køyrde eg noko rett på nettalbum. Men heldigvis fann eg att denne videosnutten, og freistar å legge den ut. Eg ville gjerne ha ei høveleg lydfil til og, men vi får sjå om det kjem seinare. Garnestua er ein flott fjelltopp rett opp frå bygda Haddal. Det er ein fin fjelltur på 45 min ++ alt etter grunnlaget. Sidan råsa går etter ein rygg er den fin og tørr. Dvs i haust kom vi oss ikkje over elva så då måtte vi gå ned mot Løset(200m) og opp på andre sida av elva. Utsikta frå toppen er fin i alle retningar og du kan faktisk sjå heile 10 av vatna på Hareidlandet. Startpunktet på turen er Vassenden på Fjellsvatnet.

God tur Stig!!



Ja, planen var at dette skulle vere eit samansett produkt. Så eg får sjå på det som endå eit bildebidrag.

onsdag 6. oktober 2010

Bokstav for bokstav?

Har prøvd å redigere oppgåve 2 i Google docs. Håpar eg slepp å skrive alt oppatt. Har klippt og limt og skrive inn på nytt. Her er resultatet. Eg var heldigare enn ho hi. Explorer spøker mellom linjene henna.

fredag 17. september 2010

No e ei i gong

Hei! Dette er bloggen min i tilknyting studie ved Høgskulen i Volda 2010-2011. Vil prøve å auke min digitale kompetanse. Første øving er å presentere meg og studievenninda mi Margit med to linjer. Det kan bli litt meir.

Grimstadselet

Stig: Godt vaksen, 27 år i skulen, 9 år til. Ynskjer å henge med heile vegen, også i didital kompetanse. Veit ikkje om eg vil gå på 62, helsa er god. I grunnen e ei Valderøying. I skulen e det alt for mykje teori! Håpar at pendelen har nått sitt ytterpunkt og at valfaga igjen kan få sin plass i ungomsskulane.

Margit Haddal
Klippt frå facebook
Høgskulen i Volda
Margit er buss-sjåfør. Ho er og utdanna grafisk designer. No ynskjer ho å bli lærar, fordi å arbeide med born likar ho godt. Norsk grunnfag har ho alt gjennomført, så då høver det godt å gå vidare med ei av dei andre søylene, digital kompetanse. Det er noko ho trur skulen i framtida vil ha bruk for.