lørdag 5. mars 2011

Tankekartet Freemind

Sidan eg alt har beskreve det nettbaserte tankekartverktøyet Mindomo, tenkete eg å bruke tid på tankekartet Freemind. Det er eit fritt verktøy, men som du må laste ned på maskina for å bruke. Då seier det seg sjølv at delingsmuligheitene ikkje er så enkle, i alle høve i sanntid, slik som Mindomo. Men det er klart at filer er enkelt å sende fram og tilbake.

Her har dei laga ei eigi wikiside med informasjon og muligheit for fri-nedlasting.

Eg prøvde verktøyet i startfasen på Mappe 2 oppgåva Dkl 102. Her er første utkastet:

Klikk på for større bilde.

Freemind hadde mange artige ikon som ein kunne kople på. Som dokke ser av bilde to så piffar det noko opp. Som mindomo kan ein pakke ut tankekartet slik at ein godt kan bruke det i læringsarbeid ved å arbeide mot prøver. Når det gjeld utforming og utsjånad synest eg Mindomo var meir spennande. Mindomo synes eg og var enklare å kome igong med.

Klipp på for større bilde.

Utfordringa med digitale tankekart er når dei blir store og ein har liten skjem tilgjengeleg. Spesielt Freemind vart veldig liniær i si utforming. Men i høve til redigering så er dei suverene ved at ein berre dreg stikorda på plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar