Vi blir i studiet oppmoda om å vere spenstige å ta sjangsen, for det går sikkert bra. Eg er vel ein av dei mange ”vaksne” som er litt spenstig og noko bekymra for kva eg legg meg ut på.
” Nylig skrev The New York Times at Facebooks personvernregler har 50 forskjellige innstillinger og 170 valgmuligheter. Da er det en utfordring å stole på at ansatte til en hver tid er oppdaterte på disse reglene og gjør de nødvendige endringene for å hindre at informasjon beregnet på noen få, blir tilgjengelig for alle.” http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/buskerud/1.7129280 lasta ned 22.01.11 kl 12.03
Eg har vore på Facebook i vel 4 år, men har ikkje vore så oppteken av å få venna å bruke det aktivt. Hovudmotivasjonen i utgangspunktet var å orientere seg som foreldre. I løpet av desse fire åra har eg vore sjeldan inne og i svært liten grad kommentert noko som helst. Venna har droppa inn etterkvart som dei har funne meg. Men så hadde eg ei periode med litt meir eigenaktivitet då eg vart merksam på venner frå folkehøgskuletida på Møre Folkehøgskule 1974-75.
Så melde eg meg på dette studiet og måtte velge ein noko meir aktiv profil. Så sagt som gjort. Dette kunne eg kombinere med å lage ei Facebookgruppe, kanskje kan eg og bruke dette oppimot elevar. Ein ting er i alle høve sikkert, dei fleste elevar frå 11års alder og oppover er på Facebook, sjølv om aldersgrensa er 13. Og her møter eg meg sjølv i døra, fadderbarnet mitt er ein av dei. Burde eg ikkje vere meir oppteken av danning?
Onkelen min fyller 70 år. I møte med eit søskenbarn fann vi ut at vi kunne kommunisere via Face om denne hendinga. Vi ville overraske onkel med sang på den store dagen. Eg laga rett og slett ei Facebookgruppe: Onkel Sigurd 70 år Dei av søskenbarna eg var venn med melde eg inn samtidig som eg skreiv ei innleiing på gruppa. Dei av søskenbarna mine som eg såg på som mest datakyndige gjorde eg til administratorar. Og så oppmoda eg sjølvsagt om at dei andre måtte melde inn søskenbarn med ektefelle/sambuarar.
No er dette eit uskuldig tiltak, som berre har eit positivt å uproblematisk mål. Men eg har fått tilbakemeldingar som har fått meg til å tenkje. Spesielt at eg ansvarleggjorde folk som administratorar, utan at dei på førehand måtte godta det. Det trudde eg ikkje var mulig, og heller ikkje berre positivt motteke. Også at dei medlemmane som vart melde inn, dukka med ein gong opp på sida til gruppa. Men dei fekk melding om at dei var innmelde og kunne avstå. I dette tilfelle var ikkje det aktuelt for nokon. Men kva om dette var ei gruppe ein ikkje kunne stå inne for innhaldet i og at ein var like sjeldan inne på Face som eg var i starten på mi karriære. Her er ei overskrift frå nrk.no si side: ”Advarer mot «tvangsinnmelding» ”
http://www.nrk.no/vitenskap-og-teknologi/1.7461786 Lasta ned 22.01.11 kl 11.45.
Det som og overraska var at ukjende og melde si interesse. Korleis dei kom inn på ei lukka gruppe veit eg ikkje, men det har kanskje med vennars profilinnstillingar.
Gruppa vart ein ubetinga suksess, men kanskje hadde vi vore sikrare på å nå alle og å få tilbakemeldingar med alle. Når vi hadde fått etablert gruppa prøvde eg meg med ei Hending. Der var eg og litt uheldig i etableringa, slik det danna seg tre Hendingar av den samme hendinga. Eg prøvde å slette to, men det såg ut til å vere berre på mi side. Om det var grunnen til at heile 11 av 35 ikkje gav tilbakemelding veit eg ikkje. Kanskje kan det vere at dei ikkje brukar Facebok så ofte. Øvinga vi hadde som fylgje av hendinga vart ein ubetinga suksess.
Som spesiallærar i vidaregåande har eg ofte observatørrolle i klasserommet. I den seinare tid har det vore mykje diskutert tids og konsentrasjonstjuven Facebook i skulen. Den diskusjonen får eg ta att ein annan gong med å kommetere at alt det ”gode” vi får av å bruke nettet ikkje må bli øydelagd av svak klasseromsleiing og for lite styring av undervisinga.
Del og bruk ser ut til å ha eit enormt potensiale for den som er lærar. Etter å ha surfa rundt på sida er her mykje spennande å sjå. Mellom anna kom eg inn på Per Abildgaard sin blogg:
” Jeg lever i to verdener. Det er til tider slitsomt, men også utfordrende og lærerikt. Jeg prøver etter beste evne å ta del i mine elevers og mine barns verden. Den er svært forskjellig fra den jeg vokste opp med. For dem hører telefoner med ledning til på museum. E-post er gammeldags. Venneflokken er konstant pålogget via mobil eller fjesbok.” http://percoach.wordpress.com/ lasta ned 22.01.11 18.37.
Hans refleksjonar for den sosialwebben traff meg, mange interessante og friske utspel, men ikkje alle fall i like god smak. Det som er flott og også treffande for den norske læraren er viljen og evna til å dele.
Det som eg ser mest fram til når eg til hausten igjen er tilbake til klasseundervising er bruken av Wiki. Ikkje minst innan lokalhistorie og geografi ser eg for meg mange spennande prosjekt som vi kan arbeide med. Vi har så mykje å vise fram her i byen. Her er det som står på Wikipedia om Ulsteinvik, kanskje kan vi vidareutvikle det med først å gå vegen om ein skulewiki. Det kan vi lære mykje om frå naboøya vår Godøy skule.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar