No igjen var første tanken min! Eg er ein av dei mange frustrerte lærarane som har fått dette ”mantraet” i vrangstupa. Etter å ha lese artikkelen til Odd Ivar Strandkleiv om TPO-modellen, http://www.elevsiden.no/tilpassetopplaering/1100119987 lasta ned 04.02.2011 kl. 18.40, forsto eg at her er ein som har brukt litt meir tid på problemstillinga.
Utrykket tilpassa opplæring kom saman med kunnskapsløftet og no skulle det endeleg bli slutt på denne G+ undervisinga. Der eg opplevde å meistre denne kunsten og gi elevane meistring var i dei ulike valfaga og når gymgruppene vart overkomelege. Verre var det å møte dei ulike elevane med tilpassa opplæring i musikktimane der gruppene ofte var over 25. Kulturskulane i Noreg har gjort ein kempejobb dei siste tiåra, men i mange høve også større utfordringar for oss som arbeidar i skulen. Kunnskapsspriket mellom elevane har auka enormt og når ein så sit at med 1t pr. veke i veka i samla klasse, ja, då blir tilpassa opplæring umulig, dersom du ikkje er så heldig at alle føresetnadar for å møte elevane på den måten TPO-modellen seier er på plass.
”Mestring av faglige og sosiale utfordringer, og arbeid med selvbestemte læringsaktiviteter i et læringsklima preget av samarbeid og oppgaveorientering gir gode vilkår for tilpasset opplæring.” (ibid)
Åra 2008 – 2010, fekk eg høve til å arbeide med ei svært ressurssterk klasse i musikk. Klassa rådde over mange flinke elvar med talent som eg hadde evne til å integrere i klasseromsundervisinga. Vi gjennomførte på slutten av året ei kjempeflott samling med allsong for resten av skulen(200 elevar), der mange elevar i klassa fekk vise meistring, ja, enkelte høgt meistringsnivå. Gjennom året fekk mange elevar oppleva tilpassa opplæring, men det var mykje vi ofra av kompetansemåla i musikk på vegen mot denne satsinga. Når eg ser på modellen vil eg seie at her var det 25 år som musikklærar i ungdomsskulen kombinert med fantastiske elevforutsetningar, ikkje berre musikalsk, vel så mykje danningsmessig kombinert med gode skulefasilitetar. Då skjønar vi at heimane alt har gjort ein god jobb. Same klassa hadde nok greidd å gjennomføre opplegget på gamleskulen, men det var nok lettare no. Det var no godt å få oppleve det før ein vart pensjonist.
Dei seinar åra har eg og greidd å inkludere elevar med lite musikkerfaring i timane. Det har eg gjort ved å spele på ”lause” strengar eller autokomp på keyboard. Spelar ein d-dur eller a-dur ligg forholda godt til rette for det. Eg må vel innrømme at ideen har eg frå Dissimilis, men eit besøk på heimesida dei gav lite konkret.
Så då var eg igong. Ja, for i år er eg lærar i ei spesialklasse på ein vidaregåande skule. Klassa er på tre elevar, så kontrasten til undomsskulen sine klasser er store. Dessutan er 2 av dei tre elevane svært musikalske og eg har treft dei med den tilpassa opplæringa mi.
Til å begynne med utstyrte eg bassgitaren og keyboardet med farga plastikklappar.
På keyboardet er plastlappane framleis på, men på bassgitaren har eg fått lakka strengane med vassfarga lakk for utebruk. Det fungerar som ei kule!!
På keyboardet er plastlappane framleis på, men på bassgitaren har eg fått lakka strengane med vassfarga lakk for utebruk. Det fungerar som ei kule!!
Første songen vi gjekk i gong med var Fader Jakob, den går kun i D-dur(blå), så då var det berre å finne rytma. Det som var mest inspirerande var å sjå meistringsgleda hjå elevane. Den andre var Happy birthday.
Happy birtday sjå bruken av fargekodar.
Tenkte eg skulle legge fila med songen her og andre "klarerte", men det går ikkje. Så eg får finne ein måte å dele dette arbeidet mitt med den som er interessert.
Eg gler meg til å ta med meg systemet og ideane tilbake til ungdomsskulen for å bruke på elevar med mindre musikkkunnskap og erfaring. Meistring handlar om å treffe noko som kan løyse ut uendeleg med motivasjon.